|
Eimhjellen ligg vakkert til i det
nord-austre ”hjørnet” av Storefjorden. Mange seier om Hyen at her
er berre høge fjell og djupe dalar, men om du kjem til Eimhjellen vil
du sjå at dette ikkje gjeld overalt. Her inne er landskapet ope og du
kan la auge fylgje vatnet til ein lav horisont sørvestover. Sola er nok
borte bak fjella ei stund midt på vinteren, men om sommar skin ho her
heilt frå tidleg morgon til langt over klokka ti om kvelden. I Eimhjellen er det tolv gardsbruk med til saman
kring 40 innbyggjarar. Her er eit aktivt landbruksmiljø med kyr, sauer,
gris og skog. Her er også sagbruk, høvleri og snikkarverkstad.
Mange har arbeid utanom i tillegg til garden. Folket som bur i Eimhjellen er jamt fordelt i
alder. Her er vi heilt frå 0 år til over 80, og vi har mange høve til
å vere saman. Grendahuset vårt er eit fellesprosjekt. Her står
dugnadsånda sterkt når vi kvar 1. mai stiller opp for å halde vedlike
huset. Grendahuset er den gamle skulen i bygda. Her er bevart den gamle
skulestova med tømmerveggar og store vindauge og ein stor rund vedomn
som varmar godt. I tilbygget er det nytt kjøken og toalett. Heile bygda
samlast til julefest og hjortefest og huset vert også brukt til mellom
anna selskap av ulikt slag, basarar, minnesamvær, møte og
barneforeining. Jonsok vert feira med brurefølgje, bål, aktivitetar,
konkurransar og sosialt samvær. Eimhjellen ligg midt i eit vakkert landskap så det seier seg sjølv at her er eit godt utgangspunkt for eit aktivt friluftsliv og gode naturopplevingar. Naturlege mål er støylane som høyrer til bygda; Utigardsstøylen med utsikt over Storefjorden og bygdene rundt, og Gamlestøylen og Vikastøylen som ligg ved Rombergvatnet. For den som vil gå litt lengre er Varlieggja, Vindalsvatnet og Smølmedalseggja/ Blånipa fine turmål. For å komme til Eimhjellen må du ta ein avstikkar
på 5 km. frå RV 615 ved Heimseta. Vegen inn hit er nok litt smal og
svingete, men sidan den stoppar i bygda vår er problemet med
gjennomgangstrafikk heilt fråverande! Liten trafikk gjev lite støyplage,
og reduserer faren for farlege trafikksituasjonar. Avstandar er ein viktig faktor i distriktet. Frå
Eimhjellen tek det om lag 50 minutt å køyre til kommunesenteret
Sandane. Om du heller vil til Førde eller Florø tek også det om lag
like lang tid. Vi kan altså seie at Eimhjellen er i sentrum av
Fjordane! Til Hyen sentrum er det om lag 20 min. å køyre. Vi ønskjer deg velkomen til Eimhjellen enten du kjem innom på besøk eller lurer på om du kunne tenke deg å kjøpe hytte eller hustomt her! |