Friluftsliv

Flott natur skal nytast og det er vi flinke til her i bygda. Anten du trivst med å traske rundt og plukke bær i skogen eller likar best å kjenne snøkave i ansiktet i ein bratt skibakke, har du høve til det hos oss.
  På Høgdene har vi eit flott lysløypeanlegg der mange samlast vinterstid. Der er det oppkøyrde løyper om kveldane og i helgane heile sesongen. For dei alpininteresserte er det berre ein times køyring til næraste anlegg. 
  I Storefjorden er det gode tilhøve for fiske, både frå land og med båt. Det finst og fjellvatn som er fine å fiske i. 
  Jakt er nok ei av dei største interessene for dei fleste mennene i bygda. Men også ein del damer stiller med rifle og ryggsekk når haustfargane kjem og hjortejakta startar i september. For det meste er det hjortejakt det går i, men også fuglejakt er ei populær jaktform.
  Her finst og mange fine turruter ein kan gå, både merka og umerka. Mange stader er det opptrakka gode ræser.
  Rundt Storefjorden er det ikkje støylar i drift lenger, men dei fleste stølshusa er haldne vedlike og er mykje brukt. Her er òg stølshus som kan leigast av fastbuande. 
  Hyen har elles eit velfungerande idrettslag som syter for trimalternativ både for store og små. Vi kan nemne dame– og gubbetrim, basseng, fotball, friidrett, ski, fjelltrim med meir.
  Her er og tilbod for dei som trenar på høgare nivå, og hyarar hevdar seg heilt i landstoppen i fleire greiner. Det same kan seiast om skyttarlaget, som òg trekkjer til seg mange. 

Friluftsbilde


Snøhockey på Fulskjeggekvia


Skileik i lysløypa på Høgdene


Tur til Smølmedalsegga


Haust ved Krokstadvatnet


Hjortejakt i Heimseta