Heimseta











  Heimseta er ei lita grend som ligg ved nordenden av Storefjorden. Eit markert sund snører nesten av ein liten del av den elleve kilometer lange innsjøen og lagar eit idyllisk lite vatn; Heimsetvatnet. Det er tre gardar i Heimseta, to av dei i aktiv drift med husdyr. Innituna har dei berre kyr og mjølkeproduksjon, medan dei Framituna har sau. På Skogheim ute ved riksvegen har dei kutta ut dyrehaldet og lar grannane leige og slå jorda. I tillegg til dei tre gardsbruka er det eit par bustadhus, nokre hytter og eit par fritidsbustader. Det er omlag 15 fastbuande i Heimseta no.

  Vegkrysset mellom Rv 615 Sandane - Storebru og kommunevegen til Eimhjellen heiter Heimsetkrysset og er det trafikale knutepunktet i Vestredalen. Herfrå er det omlag tre kvatrers køyring til kommunesenteret Sandane og til byane Florø og Førde. På ein time kan ein nå dei tre flyplassane i Fjordane; på Anda, Bringeland og i Florø. Om vi ikkje kan påstå å vere verdas navle, kan vi i alle fall seiast å vere den geografiske midtpunktet i Fjordane.

  Tidlegare var gardane Heimseta og Røyrvik eigen skulekrins med skule ved Paulvatnet, omlag midt mellom dei to grendene. Men under skulesentraliseringa på 60-talet rauk også vår skule med, og sidan den tid har grendene sosialt sett orientert seg meir mot Hyen sentrum. Folketalsmessig har utviklinga gått sterkt i negativ lei sidan midten av førre århundre, og denne utviklinga vil vi gjerne snu.

  Det er to kraftverk i Heimseta. Skogheim kraftverk stod ferdig i 1987 og er eigd av Sogn og Fjordane Energiverk. Det utnyttar det 354 m høge fallet mellom Storevatnet og Storefjorden og har ein middels årsproduksjon på 30 GWh (30 millionar kilowattimar). Det tilsvarar straumbruken til omlag 1200 familiar. Heimseta Kraftverk kom i drift i mai 2008. Det er eigd av grunneigarane sjølve og utnyttar det 50 m høge fallet mellom Slåttestøylsvatnet og Storefjorden. Årsproduksjonen her er rekna til omlag seks GWh og er nok til å gje kraft til mest 250 husstandar. Begge kraftverka er innanfor det ein kallar småkraftverk med installert effekt mellom 1.000 og 10.000 kW.

  Terrenget i utmarka kring gardane i Heimseta er skogkledd og med mange elvar og vatn. Det er eit eldorado for for jakt og fiske, og eignar seg got for friluftsliv. Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps har funne terrenget så godt eigna til kursverksemd og øvingsområde at dei legg sitt årlege grunnkurs i operativ teneste hit. Då myldrar det av raudkledde korpsmedlemer her ei heil langhelg i slutten av april. Elles er her utruleg mykje hjort, og det vert felt opptil 19 dyr i hjortejakta om hausten. I brunsttida vert nattesøvnen gjerne akkopagnert av hjortebrøl frå åsane og liene kring husa, og det kan vere meir spennande enn ein likar å gå ute etter at haustmørkret har senka seg om kvelden. Det er og eit ettertrakta område for sportsfiske både om sommaren og på isen om vinteren. Det vert teke storaure på opp mot seks-sju kilo i Heimsetvatnet.

 Lysløypa på Fullskjegga ligg stort sett i Heimseta si utmark, og er det eit viktig sosialt samlingspunkt om vinteren. Løypa ligg sentralt til og i eit relativt snøsikkert område. Difor har vi mykje utanbygds besøk, særleg frå Sunnfjord der snøforholda gjerne er ringare. Men vi har plass til fleire i Heimseta, til alle årstider og gjerne fastbuande. Hustomtar skal det bli ei råd med om nokon vil byggje, og velkomne skal de vere.