|
Om oss
Vestre Hyen er fellesnamnet for
grendene rundt Storefjorden i Hyen, Gloppen. Desse gardane er
Eimhjellen, Solheim, Hjorteset, Heimseta og Røyrvik. Sistnemnde
ligg litt lenger mot Hyen.
Vestre Hyen ligg i utkanten av Gloppen
kommune, men er likevel sentralt plassert med mindre enn ein time
reisetid til to byar, Førde og Florø, og til kommunesenteret
Sandane.
Hyen sentrum ligg 22 km
frå Solheim og 19 frå Eimhjellen. Her ligg butikken m/post som
det naturlege samlingspunktet. I tillegg har ein kyrkja, bank,
bensinstasjon, samfunnshus med meir. I Hyen ligg og barne– og
ungdomsskule der ungane frå Vestredalen går frå 5. klasse.
Mange lag og
organisasjonar har møteplassen sin på skulen/samfunnshuset, for
eksempel skulekorpset, spelemannslaget og mannskoret. Nye
medlemmar er alltid velkomne!
|