Røyrvik











Røyrvik  ligg ved Røyrvikvatnet i den nord-austlege delen av Vestredalen. Ein tar av frå hovudvegen 12 km frå Hyen sentrum, og så er det 1,5 km til enden av vegen. Det er vel 20 fastbuande her, men ein del feriegjester hos dei som bur her og på hytter, gjer at folketalet kan vera både to- og tredobla om sommaren og i hjortejakta. Det tar 45 min med bil til kommunesenteret Sandane på sommarføre, og litt meir til Førde og Florø.

  Grenda ligg ca. 200 m.o.h. og har merkbart mykje meir snø om vinteren enn dei som ligg litt lågare. Det er dermed naturleg at langrennsløypene og skileikanlegget til Hyen idrettslag er det næraste fritidstilbodet vi har,  2-3 km unna dørstokkane våre. D.v.s: ”næraste fritidstilbod” er vel litt feil å seie når vi har fleire fiskevatn og hjort i marka like rundt hushjørna. Hjortejakta føregår i fellesskap i tilknyting til helgane om hausten, og er kanskje den mest sosiale aktiviteten vi har her.

  Røyrvikarane livnærer seg på pensjon (ca. halvparten), litt sau og mjølkeproduksjon, og elles å stresse fram og tilbake på jobb som folk flest. Sommaren 2007 fekk vi breiband, og var bra heldige; vi kan skryte av rimeleg god fart på nettet. Det er litt verre med mottaksforholda for radio og TV, men parabolantenne fungerer no iallfall. ”Røyrviksommaren” er ein periode på hausten då det meste av Hyen ligg gøymt i skodde, medan vi ligg over skylaget og nyt sola.

  Røyrvik har ein uvanleg stor førekomst av padder, så når dei valfartar mot vatnet for å  gyte, skal du køyre svært varsamt innover Røyrvikvegen viss du ikkje likar å få mange paddeliv på samvitet når du kjem heimover i tussmørket ein sein vårkveld. Konklusjonen blir iallfall at her lever du tett innpå naturen, berre du tar deg tida til å nyte det.