|
Det
var solnedgang Teksten
er frå songen ’Idyll’ av Postgirobygget. Og dersom vi bytter ut sjøen
med friskt ferskvatn frå Storefjorden så kan du kanskje sjå for deg
Solheim og Hjorteset. Det er nemleg ganske så idyllisk her, sånn som vi ser på
postkorta dei amerikanske turistane sender til seg sjølv når dei er på
vestlandstur. Ei lita bygd ved vatnet, omringa av snødekte fjelltoppar.
Ein kvitmåla skule og barnehage som det naturlege sentrum, fylt opp av
fotballspelande småtroll i eviglyse sommarkveldar. Sprelske lam som kan
kunsten å nyte livet når dei hoppar rundt om våren, lukta av slåtten
litt seinare, dei lokale badeplassane og lange turar på fjellet. Moder
Natur var i godt humør då ho styra med Solheim og Hjorteset! Men kva
vis ein blir lei av fisking og fuglekvitter? Ikkje fortvil. Hopp i
bilen, sett på favoritt-CD’n og reis til Førde, Florø eller
Sandane. Før CD’n er halvvegs ferdig er du omringa av butikkar,
uteplassar, pizzasjapper, asfalt og kafear. Der kan du stille lystene på
nye sko, utepils med musikk i bakgrunnen og ein kjapp burger. På veg
heim igjen (ja, ikkje med utepils i blodet sjølvsagt) tenkjer du
kanskje at det er greitt å kome seg ut – men det er greitt å kome
heim att og… Så tenker du kanskje – kven er desse som har busett
seg her på gardane Solheim og hjorteset? Litt av kvart, får ein vel seie. Dei fleste har ein
gard på si, mange av mannfolka likar å jakte og damene treffast jamleg
for god mat og det damer likar aller best, nemleg å skravle. Og for å
seie det sånn - det er futt nok i Solheimarane til at dei kvart år
reiser vekk på eige julebord! Ikkje mange småbygder som har slike
tiltak. Så gløym førestillinga om den surmaga, jantete
bygdeoriginalen. La oss heller vise deg korleis livet på landet bør
vere… |